mandag 4. januar 2016

Nora Gulbrandsen, design

Ein av koppane som Nora designa
Halloo <3 Denne veko, i kunst -og formkulturtimen, snakte me litt om ulike designara som levde frå 1918-1945. Ei av dei me snakte om, var Nora Gulbrandsen. Ho var ein norsk keramiker og designer, som levde frå 1894 til 1978. 

På bilde til høgre, kan dåke sjå ein av koppane som ho designa. Eg valgte å ta 
med bilde av denne koppen, fordi eg syns dette var det designet som var eitt av dei finaste, og det designet eg kunne sett for meg at eg kunne brukt sjøl. 

Eg liker egentlig godt det enkle ved designet. "Det enkle er ofte det beste", blir det jo ofte sagt. Dette syns eg ofte virkelig stemmer. Det er berre nåke med dei enkle strekane som går rundt koppen som er så stilig, men alikavell så fint. Eg syns også at dei nøytrale fargane på koppen gir ein slags behaglig følelse, fordi dei er ikkje altfor skarpe å sjå på. Ein kan på ein måte la augene "slappe av" ved å sjå på den, for fargane "skrike" ikkje mot deg.

Eg kan tenke meg at Gulbrandsen kanskje blei litt inspirert av "De stijl" og Mondrian sine verk som han laga i denne perioden (visst du blar lenger ned på bloggen, kan du finne eit innlegg som handlar litt om Mondrian og hans verk, visst du er interessert i å lese litt meir om han). "De stijl" var jo ein stilart som inneholdt mykje enkle former og rette linjer, slik som ein kan sjå på koppen på bilde ovenfor.

Etter mi meining hadde Nora utrulig mange stilige design, og eg hadde gjerne kjøpt eit -eller fleire av designa henas. Formen på koppen ser veldig praktisk ut, syns eg. Fordi det virker som om det er lett å få eit godt grep rundt koppen, og eg kan tenke meg at mønsteret i sjølve koppen også hjelper til med å hindre at koppen "sklir utav hendene". 

Håper dåke likte innlegget <3

Her fant eg koppen som er på bilde: http://digitaltmuseum.no/011025279648?query=%20Nora%20Gulbrandsen&page=2&pos=47  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar