Hei<3 Då har me akkurat begynt å lære om designare som levde i mellomkrigstida. Ein av dei me har snakka om er den italienske designaren Corradino D`Àscanio, som vart fødd i 1891 i Pescara, og levde fram til 1981. Han var ein flyingeniør som designa det første produserte helikopteret for Agusta, og den første scooteren for Ferdinando Innocenti. Etter desse to designa, hjalp han Enrico Piaggio med å produsere den orginale Vespa scootaren. På bilde under, ser dåke det Vespa-designet eg syns var eit av det finaste.
Personlig er eg utrulig gla i grønnfargen denne scooteren har. Eg valgte dette designet både pågrunn av den, men også pågrunn av at eg liker det "gamle" med designet på scooteren. Det er nåke fint med "vintage-stilen". Veit ikkje heilt kossen eg skal forklara da, men da er berre eitt eller anna som eg virkelig liker. Det å ta vare på det gamle. Ta vare på den gamle stilen, og ikkje berre gjera alt nytt.
Etter mi meining passa den lyse-beige fargen på setet utrulig godt ilag med grønnfargen på resten av sykkelen. Den tar på ein måte ikkje vekk fokuset til den litt "duse" hovedfargen, men blander seg heller fint ilag med resten av sykkelen. Ein kan også sjå at denne Vespa scooteren berre har eit stort frontlys. Dette er plassert heilt øverst på styret på sykkelen. Syns dette er gjer ein utrulig god effekt på heile designet, sjølv om det berre er ein liten detalj.
Håper dåke likte dette innlegget om Vespa-scooteren, og om han som designa den. Har allerede scooter sjøl, men visst eg ikkje hadde hatt det, hadde eg gjerne kjøpt meg den som er vist på bilde ovanfor! Ha ein fin dag <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar