Heihei <3 Long time, no see... Me har ikkje blitt ferdig med nåken nye prosjekt etter det forje innlegget. Men det me har jobba med, er blandt anna nåke som heiter geometrisering. Dette har me jobba med i faget visuelle kunstfag, og det går ut på at me finne eit bilde av nåke som har med natur å gjere, som f.eks. eit tre, eit blad, eit dyr o.s.v, og så "forenkle" da. Altså tegna da med geometriske former. På bilde til venstre, kan dåke sjå "original" bilde øverst på arket, og så kan dåke sjå at eg har laga ein variant med kun rette streker, og ein anna med kun bua streker. Eg heller også på med å lage ein tegning av ein giraff.
Me komme ikkje til å få karakter på desse tegningane, fordi det er nemlig berre øving til ein terminprøve (tentamen) som me skal ha etter nyttår. Me kommer til å få ei lignande oppgåve denne dagen, og læraren vår meiner at det er viktig at me skal ha øvd litt på det på forhånd.
Det finst mange ulike måtar å geometrisere ei tegning på. Ein kan jo også gjere om f.eks. eit dyr til kun mange geometriske former (firkanter, sirkler). Det er det eg har tenkt til å gjere med girafftegningen, slik at eg har prøvd forskjellige måter å løyse oppgåva på. Som eg skreiv såvidt om i forje innlegg, så holde me jo på med diktillustrasjonar i design -og arkitekturfaget for tida. Tenkte at neste innlegg skulle handle litt om da, så stay tuned!
Snakkast <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar