Heei <3 No har eg akkurat blitt ferdig med stolprosjektet. På bilde til høgre kan dåke sjå kossen stolmodellen blei til slutt. Lenger nede på bloggen ligger det eit bilde av skissa eg lagde før eg begynte.
For å lage stolen, brukte eg mange ulike material. Eg starta med å forme den med hønsenetting. Når eg hadde fått den formen eg ønskte, dekte eg da med bomull (har skreve eit innlegg frå tidligare i prosessen lenger nede på bloggen, der dåke kan sjå bilde av kossen modellen såg ut etter eg hadde dekt den med bomull). Etter eg hadde dekka alt med bomull, fant eg eit stoff som eg "pakka stolen" inn med. Deretter lagde eg ei pute med bomull og stoff. Augene teikna eg først på papir, og festa deretter eit tynt lag med plastikk på begge side av papirbiten for å gjere den "sterkare", slik at augene tåler meir. For å lage tunga som stikker ut av munnen, gjorde eg det samme som eg gjorde med sjølve modellen. Eg klypte den først ut i hønsenetting og forma den. Deretter dekka eg den med bomull og stoff. Til slutt fant eg fram ein ståltråd og snurra svart garn rundt den for å lage håret til figuren/stolen.
Etter mykje jobbing og ein lang prosess, er eg endelig ferdig med modellen min. Det som var vanskligast å få til, var nok å feste det grønne stoffet rundt modellen. Men eg er egentlig ganske fornøyd med resultatet, og modellen blei nokså lik som skissa eg teikna. Syns kanskje tunga blei litt for stor, men det kan vere at den virker litt dominerande pågrunn av stoffet eg valgte på den. Det er ikkje så lett å sjå det på bilde, men stoffet har litt glitrande/glinsande tekstur i seg.. Veit kje heilt kossen eg ska forklara da. Men alt i alt, så har det vore eit utrulig spennande og kjekt prosjekt å jobbe med!
No er me begynt på ei oppgåve i sammarbeid med norsk-faget. Me skal lage tre ulike teikningar, eller illustrasjonar av ulike dikt. Me skal altså lage nåke som illustrerer eit dikt me har skreve sjøl, eller som me har lest. Men dette kan eg kanskje skrive meir om seinare, og isåfall legge ut nåken bilde av kossen illustrasjonane mine blir.
Ha ein fin dag vidare <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar