Hei<3 Då har me akkurat begynt å lære om designare som levde i mellomkrigstida. Ein av dei me har snakka om er den italienske designaren Corradino D`Àscanio, som vart fødd i 1891 i Pescara, og levde fram til 1981. Han var ein flyingeniør som designa det første produserte helikopteret for Agusta, og den første scooteren for Ferdinando Innocenti. Etter desse to designa, hjalp han Enrico Piaggio med å produsere den orginale Vespa scootaren. På bilde under, ser dåke det Vespa-designet eg syns var eit av det finaste.
Personlig er eg utrulig gla i grønnfargen denne scooteren har. Eg valgte dette designet både pågrunn av den, men også pågrunn av at eg liker det "gamle" med designet på scooteren. Det er nåke fint med "vintage-stilen". Veit ikkje heilt kossen eg skal forklara da, men da er berre eitt eller anna som eg virkelig liker. Det å ta vare på det gamle. Ta vare på den gamle stilen, og ikkje berre gjera alt nytt.
Etter mi meining passa den lyse-beige fargen på setet utrulig godt ilag med grønnfargen på resten av sykkelen. Den tar på ein måte ikkje vekk fokuset til den litt "duse" hovedfargen, men blander seg heller fint ilag med resten av sykkelen. Ein kan også sjå at denne Vespa scooteren berre har eit stort frontlys. Dette er plassert heilt øverst på styret på sykkelen. Syns dette er gjer ein utrulig god effekt på heile designet, sjølv om det berre er ein liten detalj.
Håper dåke likte dette innlegget om Vespa-scooteren, og om han som designa den. Har allerede scooter sjøl, men visst eg ikkje hadde hatt det, hadde eg gjerne kjøpt meg den som er vist på bilde ovanfor! Ha ein fin dag <3
Jente på 16 år, som kommer til å dele innlegg om ulike tema me lærer om i kunstfaga våras på Fusa vidaregåande skule.
onsdag 20. januar 2016
mandag 4. januar 2016
Nora Gulbrandsen, design
![]() |
Ein av koppane som Nora designa |
På bilde til høgre, kan dåke sjå ein av koppane som ho designa. Eg valgte å ta
med bilde av denne koppen, fordi eg syns dette var det designet som var eitt av dei finaste, og det designet eg kunne sett for meg at eg kunne brukt sjøl.
Eg liker egentlig godt det enkle ved designet. "Det enkle er ofte det beste", blir det jo ofte sagt. Dette syns eg ofte virkelig stemmer. Det er berre nåke med dei enkle strekane som går rundt koppen som er så stilig, men alikavell så fint. Eg syns også at dei nøytrale fargane på koppen gir ein slags behaglig følelse, fordi dei er ikkje altfor skarpe å sjå på. Ein kan på ein måte la augene "slappe av" ved å sjå på den, for fargane "skrike" ikkje mot deg.
Eg kan tenke meg at Gulbrandsen kanskje blei litt inspirert av "De stijl" og Mondrian sine verk som han laga i denne perioden (visst du blar lenger ned på bloggen, kan du finne eit innlegg som handlar litt om Mondrian og hans verk, visst du er interessert i å lese litt meir om han). "De stijl" var jo ein stilart som inneholdt mykje enkle former og rette linjer, slik som ein kan sjå på koppen på bilde ovenfor.
Etter mi meining hadde Nora utrulig mange stilige design, og eg hadde gjerne kjøpt eit -eller fleire av designa henas. Formen på koppen ser veldig praktisk ut, syns eg. Fordi det virker som om det er lett å få eit godt grep rundt koppen, og eg kan tenke meg at mønsteret i sjølve koppen også hjelper til med å hindre at koppen "sklir utav hendene".
Håper dåke likte innlegget <3
Her fant eg koppen som er på bilde: http://digitaltmuseum.no/011025279648?query=%20Nora%20Gulbrandsen&page=2&pos=47
Abonner på:
Innlegg (Atom)