
Kunstnaren Nikolai Astrup var ein norsk kunstnar som levde frå 1880-1928. Han døyde desverre ganske ung, som 48-åring. Men han var ein svært produktiv mann, som fekk lagd svært mange maleri på den korte tida han levde. Me fekk òg sjå små teikningar og skisser som han teikna tidlig i barndommen. Dette var svært interresant å få sjå. Det føltes på ein måte meir personlig enn å sjå dei svære maleria.
På bilde til venstre kan du sjå eit bilde eg tok då me var på utstillingo. Me hadde med oss ei dama som jobba der, som fortalte oss mykje interresant om kunstnaren og kunsten hans.

Astrup malte for det meste naturbilde. Han elska å utnytte den flotte naturen han hadde rundt seg, og kunne male opp til fleire versjonar av det samme motivet, berre på ulike årstider.
På bildet til høgre kan du sjå det maleriet eg personlig likte best. Me fekk sjå eit liknande maleri på galleriet, men desverre ikkje det samme.
Eg valgte dette bilde av fleire grunnar. For det første er det malt med fargar eg er svært glad i. Personlig likar eg fargane meir "duse". Sterke, klare fargar er jo fine dei òg, men eg syns det er mykje meir "behagelig" å sjå på desse "duse","rolige" fargane.
For det andre er eg inne i ein periode der eg virkelig likar tre, og greine generelt. Veit ikkje heilt kva det er med dei, eg berre like utrulig godt å tegna dei. Og så er det veldig interessant og fasinerande å sjå kor forskjellige dei er..
Ja, det hørres kanskje litt rart ut, men dette er nok grunnen til koffor eg valgte akkurat dette maleriet av Astrup. Etter mi meining er dette eit kjempeflott bilde. Det er jo egentlig eit ganske kjent bilde, så du har kanskje sett det før?