Monolitten, parkens høgste punkt
Gustav Vigeland
Far til Gustav var snekkermester og han hadde snekkerverkstedet sitt i etasjen under leiligheita deira i Mandal. Så Gustav vokste opp med tilgangen på treskjæring. Som unge opplevde han ein del sjukdom. Det endte med at han vart skreven ut av skulen og tida som heimaverande brukte han saman med morfaren sin. Morfaren kunne sjå talent i det vetle barnebarnet sitt og fekk den dyktigste treskjæraren i bygda, Tarald Louen til å undervise Gustav innan faget.
Vigeland er ein av dei mest kjente representantene for den nyklassiske, monumentale estetiske retningen innan skulpturkunsten, som særlig kom til uttrykk innan nasjonalsosialistisk kunst, men òg innan stalinistisk kunst.
Han arbeida omtrent heile livet sitt med å modellere ulike skulpturer. Han starta å modellere Vigelandsanlegget i 1920-årene og jobba med parken heilt fram til sin død i 1943. Det 850 meter lange anlegget sto ikkje ferdig før i 1950.
Den mest kjente skulpturen til Vigeland er skulpturen "Sinnataggen" som vart satt opp 1940, men den blei sannsynligvis modellert i 1928. Den er 83 cm høg og er støypt i bronse.
Sinnataggen
Personlig likte eg svært godt denne skulpturen på bilete under. Eg fant ikkje ut av kva den heiter, men eg syns den symboliserer omsorg og kjærleik til familien. Det å ta vare på kvarandre.
Det var det eg hadde å skrive om idag! Håpe nokon lærte noko av innlegget og syns det eg skreiv var interessant å lese. Eg har vore i Vigelandsparken sjølv, og vil ambefala sterkt å ta seg ein tur innom den visst dåke har muligheten!
(eg har ikkje tatt nokon av bileta sjølv)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar