mandag 23. november 2015

Mondrian inspirert maleri

Hallo <3 I visuelle kunstfag no for tida har me lært litt om ein kunstnar som heiter Piet Mondrian. Mondrian var spesielt kjendt for maleria han lagde i slutten av livet sitt. Det er svært lett kjenne igjen desse maleria (sjå bilde heilt til høgre). Dei skillar seg ut med dei svarte, kvite og primærfarga (rød, blå og gul) rutene. Maleria inneholder loddrette og vannrette linjer som deler lerretet opp i ulike firkantar. 

Me fekk i oppgåve å bli inspirert av maleria hans. På bildet heilt til venstre ser dåke maleriet mitt. Bilde i midten er skissa eg lagde før eg starta å male (unnskyld for dårlig bilde). Visst dåke ser godt etter, kan dåke sjå at det ferdige maleriet ikkje er heilt lik på skissa eg lagde. Dette er nåke me lære om i kunstfaga. Det at man alltid må rekne med at det blir gjort nåken endringar i prossesen før ein er ferdig med produktet. I oppgåva skulle me bli inspirert av ulike ting som for eksempel: kart, bokhylle, rom o.s.v. Eg blei inspirert av eit barnerom og vagte derfor å male maleriet mitt med lyse pastellfargar. Det eg brukte mest tid på under prosessen var å få alle strekane imellom rutene til å bli like tjukke og beine. Me fekk ikkje bruke teip og måtte derfor male dei for hånd. 

Nåken som har sett maleria til Mondrian før? Ha ein fin dag!<3   



mandag 16. november 2015

Stol design

Heihei <3 No for tio har me jobba masse med design av ein stol/sitteredskap. Eg er endo ikkje heilt ferdig med min, men tenkte eg ville dele nåken bilde av det er har til no. Ein del av oppgåva var at me skulle lage ein arbeidsteikning og ei skisse med måla stolen sku ha i virkleligheto. Me skal ikkje lage stolen i full størrelse, men me ska laga ein modell av den i målestokk 1:5. Visst nåken lure på ka ein arbeidsteikning er, så er det ein teikning med dei nøyaktige måla modellen skal ha. Denne teikna me i fire deler ved hjelp av hjelpelinjer. Eg har berre med bilde av den første delen av teikninga her.
Eg kjem til å legge ut bilde av den ferdige modellen til slutt <3

Håpe dåke har hatt ein fin dag <3


               Slik ser stolen min ut no                    Skissa av stolen                           Arbeidsteikningen

fredag 6. november 2015

Gustav Vigeland og Vigelandsanlegget

Hallo <3 Dei fleste av dåke har kanskje høyrt om Vigelandsparken i Oslo? Dette er ein park fult med 214 ulike skulpturer laga i bronsegranitt og smijern. Desse skulpturene var det skulpturkunstnaren Gustav Vigeland som modellerte. Men veit dåke eigentleg noko om denne kunstnaren? I kunst og formkultur-timane no for tida har me frå formgjevingslinja snakka litt om Vigeland og arbeidet hans.

Monolitten, parkens høgste punkt

Vigeland var ein nordmann som vart fødd i Halse i 1869. Han var eigentleg fødd med namnet Adolf Gustav Thorsen, men då han var rundt 20 år gammal endra han namnet til Gustav Vigeland. Han vokste opp som nest eldste blant søskena. Han hadde til saman tre brødre, Theodor, Julius og Emanuel August. Då han var 2 år gammel fekk han ein yngre bror, Edvard August, men han dødde dessverre etter berre ett år. 


Gustav Vigeland


Far til Gustav var snekkermester og han hadde snekkerverkstedet sitt i etasjen under leiligheita deira i Mandal. Så Gustav vokste opp med tilgangen på treskjæring. Som unge opplevde han ein del sjukdom. Det endte med at han vart skreven ut av skulen og tida som heimaverande brukte han saman med morfaren sin. Morfaren kunne sjå talent i det vetle barnebarnet sitt og fekk den dyktigste treskjæraren i bygda, Tarald Louen til å undervise Gustav innan faget. 
Vigeland er ein av dei mest kjente representantene for den nyklassiske, monumentale estetiske retningen innan skulpturkunsten, som særlig kom til uttrykk innan nasjonalsosialistisk kunst, men òg innan stalinistisk kunst.
Han arbeida omtrent heile livet sitt med å modellere ulike skulpturer. Han starta å modellere Vigelandsanlegget i 1920-årene og jobba med parken heilt fram til sin død i 1943. Det 850 meter lange anlegget sto ikkje ferdig før i 1950. 
Den mest kjente skulpturen til Vigeland er skulpturen "Sinnataggen" som vart satt opp 1940, men den blei sannsynligvis modellert i 1928. Den er 83 cm høg og er støypt i bronse. 









Sinnataggen

Personlig likte eg svært godt denne skulpturen på bilete under. Eg fant ikkje ut av kva den heiter, men eg syns den symboliserer omsorg og kjærleik til familien. Det å ta vare på kvarandre. 


Det var det eg hadde å skrive om idag! Håpe nokon lærte noko av innlegget og syns det eg skreiv var interessant å lese. Eg har vore i Vigelandsparken sjølv, og vil ambefala sterkt å ta seg ein tur innom den visst dåke har muligheten!

(eg har ikkje tatt nokon av bileta sjølv)

onsdag 4. november 2015

Velkommeeeen


Heei <3

Dette er ein blogg som eg har laga i forbindelse med faget kunst og formkultur. Eg kjem nok til å skrive om det me lærer om i dette faget og andre kunstoppgåver me skal jobbe med/jobber med fram over. Me skal lage masse spennande, så det er berre til å følge med!

Håpe dåke kjem til å syns at det eg legger ut er interresant! Ha ein fin dag vidare <3